Kunden sin informasjon og varslingstenester med Varsling24.

Kommunen brukar Varsling24 for å varsla husstandar og verksemder i eit geografisk område om hendingar via SMS og e-post.

Varsling24 varslar via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon. Meldinga vert send som SMS til mobiltelefon og e-post til alle innbyggjarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei verksemd.

Alle einingar i eit burettslag/samegie blir òg varsla. Føresetnaden er at bebuarane er oppført i Folkeregisteret med rett adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.

Når sender kommunen ut informasjon via Varsling24?

Kommunen informerer innbyggjarar digitalt ved hendingar der dette er tenleg. Det kan vera ved koking av vatn, vassavstengning, stengde vegar, evakuering, vaksinasjon, andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon til alle innbyggjarar.

Korleis finn me deg?

Varsling24 brukar ulike register for å identifisera og henta inn kontaktinformasjon for innbyggjarar i ein husstand og kontaktpersonar i ei verksemd.

Privatpersonar

Informasjon om privatpersonar vert henta frå Folkeregisteret til Skattedirektoratet. Kontaktinformasjon vert henta frå det nasjonale Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet.

Me rår deg til å leggja inn mobiltelefonnummeret ditt og e-postadressa di i dette kontaktregisteret. Dei fleste førespurnadar frå det offentlege hentar kontaktinformasjonen herfrå, til dømes når det gjeld skattemeldinga.

Verksemder

Informasjon om verksemder vert henta frå Einingsregisteret i Brønnøysund. Ved varsling av verksemder vert verksemda si forretningsadresse brukt. Kontaktdata for verksemder blir henta frå varslingsadressene som verksemda sjølv opplyser om i Altinn-portalen.

Merk: Verksemder med fleire adresser bør registrera alle kontoradressene som undereiningar i Einingsregisteret i Brønnøysund for å blir varsla på rett adresse ved ei utsendinge frå kommunen.
For meir informasjon, sjå brreg.no/bedrift/virksomhet

Tilleggsregisteret

Tilleggsregister kan brukast av både privatpersonar og verksemder som ynskjer å få varsel på ei anna adresse enn den adressa som er oppført i dei offenlege registra.

Matrikkel

Ved varsling av heimelshavarar, dvs eigar av eigedom, vert informasjon henta frå det nasjonale eigedomsregisteret «Matrikkel». Alle heimelshavarar for ein eigedom vert varsla. Dersom eigedommen har festehavarar, er det festar som vert varsla. Kontaktinformasjon vert innhenta frå dei same kontaktregistra som ved varsling av husstand og verksemd.

Ved varsling av fritidseigedommer vil Varsling24 senda melding til heimelshavar/festar av fritidseigendommer med følgjande bustadkodar i Matrikkel:

161 – Fritidsbygning (hytter, sommarhus o.l.)
162 – Heilårsbustad nytta som fritidsbustad
163 – Våningshus nytta som fritidsbustad
171 – Seterhus, sel, rorbu o.l.
172 – Skogs- og utmarkskoie, gamme

Har du ikkje vorte varsla?

Er mobilnummeret mitt registrert?

Er mobilnummeret mitt registrert? Me sender varsling til alle innbyggjarar som er registrert med bustedsadresse i Folkeregisteret og hentar kontaktopplysingar frå Kontaktregisteret.

Sjekk at informasjonen din er korrekt i registra:

  1. Er du folkeregistrert på adressa di? skatteetaten.no/person/folkeregister
  2. Har du oppdatert kontaktinformasjonen din? norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Verksemder må sjekka at informasjon er korrekt i registra:

  1. Einingsregisteret: Bruk ev. samordnet registermelding for å endre adresseinformasjon
  2. Sjå informasjon etter innlogging på AltInn-portalen: altinn.no

Kva kan du gjera?
Har du feil opplysingar er det ditt ansvar å oppdatera registra. Varsling24 har ingen tilgang til å gjera oppdateringer på vegner av privatperson eller verksemder..

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?
Varsling24 sender ikkje melding til innbyggjarar som har såkalla «hemmeleg nummer». Viss du likevel ynskjer å få varsel frå din kommune, må du registera ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Her kan du kryssa av for “hemmeleg nummer” for å skjula informasjon frå varslingsloggen i Varsling24.

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som brukar Varsling24?
Ta kontakt med den respektive kommunen for å høyra om dei nyttar Varsling24.

Treng du tilleggsoppføringar?

Det kan vera fleire grunnar til å registrera ei oppføring i Tilleggsregisteret.

Treng verksemda varsling til andre telefonar enn dei som står oppført i dei offisielle registera?
Er du pårørande og har du eldre foreldre som ikkje har oppføring i Kontaktregisteret?
Bur du på ei anna adresse enn den som står i Folkeregisteret?

Du finn meir informasjon om Tilleggregisteret på varslemeg.no

For privatpersonar

  • Gå til varslemeg.no
  • Under “Tilleggsoppføring” klikkar du “Legg til ditt telefonnummer”
  • Følg instruksjonane som vert gjevne der
  • Legg til ny oppføring. Vel privat, oppgje adresse og kontaktinformasjon

For verksemder

  • Gå til varslemeg.no
  • Under “Tilleggsoppføring” klikker du “Legg til ditt telefonnummer”
  • Følg instruksjonane som vert gjevne der
  • Legg til ny oppføring. Vel bedrift, oppgje adresse og kontaktinformasjon

Spesielt for sårbare verksemder
For sårbare verksemder, dvs. verksemder som er avhengige av vatn og vasskvalitet for å driva verksemda si. Døme på denne typen verksemder:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Alders- og sjukeheim
  • Legar og tannlegar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Restaurantar og kaféar

Her må du velja ei «gruppe». Dette vil sikra at du blir prioritert mottakar ved utsending av varsling frå kommunen. Mao. du vil vera blant dei første som får melding ved ei hending.

Merk: Du er sjølv ansvarleg for dei opplysningane som vert registrert i Tilleggsregisteret. Om du eller di verksemd flyttar, er det ditt ansvar å oppdatera Tilleggregisteret. Dersom du flyttar til ein annan kommune, hugs å sjekka om din nye bustadkommune brukar Varsling24.

Om du byter e-postadresse eller får nytt mobilnummer er det òg ditt ansvar å oppdatera Tilleggregisteret.

er får nytt mobilnummer er det også ditt ansvar å oppdatere Tilleggregisteret.

Du kan registrere en tilleggsoppføring på varslemeg.no
Som privatperson kan du oppdatere dine kontaktopplysninger på norge.no
Bedriften kan oppdatere kontaktopplysninger på altinn.no
Bedrifter med flere adresser bør registrere alle kontoradressene som underenheter i Enhetsregisteret.

Vi er her for deg!

Har du noen spørsmål om Varsling24?
Fyll ut kontaktskjema under, så kommer vi snarlig tilbake til deg.